#familiefarmen

for meir utetid og familietid 

Korleis blir vi med?

Oppskrifta på Familiefarmen

1. Samle heile familien din til årets store konkurranse! De kan vere få eller mange, bu i by eller bygd!

2. Vel oppdrag de synst ser spennande ut og som passar til alder, tidsbruk og geografi. De kan finne tips i oppdragsbanken til 4H, eller finne på idear sjølv. Lag ein plan for kva du og familien din vil få gjort i løpet av ei veke, eit vekeoppdrag, og fyll ut Familiefarmen sin vekeoppdragsma

3. Gjennomfør oppdraga saman eller kvar for dykk. Ikkje gløym å ta bilde/film undervegs!

4. På slutten av kvar veke evaluerer de korleis det har gått. Fekk de til det de ville? Kva kunne de gjort annleis? Samle gjerne dei utfylte oppdragsmalane over kva de har fått gjort i ein perm, slik at de på slutten av sesongen kan sjå tilbake på alt de har gjort. Filmklipp til finalefilmen er også lurt å samle på!

5. Post innlegg med #familiefarmen i sosiale medium og ver med i trekninga av spennande premiar gjennom heile sesongen! Hovudpremien på heile kr 10 000 vert delt ut av SFE og innsendte filmar vert vurdert av Bondelaget i Sogn og Fjordane i oktober.  Send inn to filmar og vinn 10000kr! Èin innan 30. juni 2020 med planen for Familiefarmen dykkar og èin innan 30. september 2020 med korleis de har gått! 

Vekeoppdrag

Dyrking, baking, snekring

Samle familien og bli einig om ei passande mengde oppdrag for familien! Kva vil vil gjere? Kva vil vi lære? Finn på sjølve eller bli inspirert på #familiefarmen eller på 4H sin rikhaldige idébank! 

Del bilder og vinn

De kan vinne gardspremiar!

Blant innlegga i sosiale medier trekk vi vinnarar av gards- og aktivitetspremiar frå våre samarbeidspartnarar.

Beredskap

Samhald, kunnskap, mat

Korleis samarbeider familien vår? Kva har vi lært? Kva kan vi lage av alt vi dyrker? Kvifor er norsk matproduksjon viktig? Korleis kan vi klarer oss som  samfunn gjennom krisa?

Samarbeidspartnarar

Sogn og Fjordane Bondelag

Del og bli inspirert! #familiefarmen

Tel: +47 97043426

Email: simenaabrekk@hotmail.com

© 2020 by Familiefarmen. Proudly created with Wix.com

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram