Om oss

Vi vil snu koronakrisa til noko positivt! Vi er blitt inspirert av Hayday, Farmen og 4H og vi vil motivere resten av landet til å dra i gang å plante frø, skaffe høner, sette poteter og lage grønnsakshage. Ved å gjennomføre vekeoppdrag i kvar heim våren og sommaren 2020, har familiane sjansen til å vinne premiar! Det blir trekning  av mindre premiar undervegs og heile 10 000kr på hausttakkefesten i oktober. Slik er det når alt stoppar opp, og ein får tid til å tenke... då kjem dei gode idéane! Slik er det denne våren. 2020 - den våren då heile verda stoppa opp. Må vi klamre oss til hamsterhjulet med skjermar og innetid, når vi brått fekk ei unik anledning til å vere i lag, akkurat som i gamle dagar? Kor kjem frøa til brokkolien i frå? Blir det éin løk av ein løk eller mange løk som av poteta? Vi veit ikkje, men våren 2020 skal vi finne ut det og mykje anna i lag med familien - for denne våren tek vi best vare på kvarandre ved å vere heime og ute i hagen.

Kva har du lyst å bygge, lære, smake på?

(Familiefarmen bygg på idéane i forteljinga om "Skredet" og "Viruset" av Simen Aabrekk

Familiefarmen-crewet

Vi er tre 10. klassingar som har hatt tid til meir enn skule denne våren. Det er vi som driv instagram, facebook og denne nettsida, med god støtte frå dei vaksne rundt oss. Planen for prosjektet vart utforma då vi deltok på #hackthecrisisNorway der 700 deltakarar skulle løyse utfordringar knytt til koronakrisa. Familiefarmen var vårt forslag, og no er vi i gang! Vi håper familiar over heile landet tek hageinspirasjonen sin eit steg videre å deltek i Familiefarmen sin hovudkonkurranse!

 Simen, Kristina og Hedda

Heidi, Olav, Scott, Sal, Brielle og Marianne

Foto: Olin Yri

Familiefarmen 2020

Sogn og Fjordand Energi har så stor tru på at vi i lag kan påverke framtida, så dei deler ut 10000kr til vinnarfamilien av Familiefarmen 2020! Prisen til årets familiefarm vert kåra i oktober av ein jury frå Bondelaget Sogn og fjordane.

 

Vurderingskriteria er:

Samarbeid og kreativitet

Ferdigheter og gjennomføring

Engasjement og resultat

Vilkår: 

De kan vere få eller mange på kvart lag

De kan bu i bygd eller by

De må sende inn ein film på inntil to minutt innan 30. juni 2020 som forklarer kva de har gjort/planlagd til no på melding til Familiefarmen på facebook eller instagram.

De må sende inn ein film til på inntil to minutt innan 30. september som seier korleis det har gått (sjå vurderingskriteria :)

Tusen takk til SFE og Bondelaget Sogn og fjordane!

Tel: +47 97043426

Email: simenaabrekk@hotmail.com

© 2020 by Familiefarmen. Proudly created with Wix.com

  • Facebook
  • Twitter
  • Instagram